Bakgrunnsbilde
Jobb i Hallingdal

Ny portal for deg som treng arbeidskraft eller du som er på jakt etter arbeid.
Dette er ein del av eit større rekrutteringsprosjekt som Regionrådet for Hallingdal i samarbeid med Nav og Hallingdal Næringshage har arbeida med slik at rekruttering blir enklare. Prosjektet er støtta av Viken Fylkeskommune

Mange ynskjer å busetja seg her i Hallingdal, tett på fjell og friluftsliv. Ein del trur dessverre at det ikkje er relevant arbeid. Årsak kan være at mange av mogelegheitane ikkje blir kommunisert ut.  NAV Hallingdal meiner det kan væra  så mange som 70-80 prosent av dei ledige stillingane i privat næringsliv som ikkje lysast ut. 
Med Jobbihallingdal.no har virksomheiter med eit kompetansebehov no fått eit nyttig redskap.

JOBB I HALLINGDAL.NO 

Jobbihallingdal.no "pratar med" fleire andre stillingsdatabasar, mellom anna arbeidsplassen.no (frå NAV). No kan både arbeidsgjevare og arbeidssøkjare i realiteten nå ut til fleire - enklare og samtidig meir målretta.

Før korona-pandemien  var arbeidsledigheiten i Hallingdal svært låg. I enkelte bransjar kunne ein i realiteten oppleve underskot på arbeidskraft. Når jobbihallingdal.no lanserast er fleire arbeidstakere enten permitert heilt, delvis, eller sagt opp. Mange av desse har heldigvis gode mogelegheitar  for å kome attende til arbeidet dei  hadde, mens andre må ut på jobbjakt. Me håpar og trur at Jobbihallingdal.no kan væra med å bidra til å koble fleire ledige med ein ny arbeidsgjevar.

På Jobbihallingdal.no kan sjølvsagt aktive arbeidssøkjarar og andre som ynskjer å være tilgjengeleg i arbeidsmarkedet her i Hallingdal, opprette sin eigen profil. Hallingdal er i praksis en stor bu- og arbeidsregion, der mange pendlar internt mellom kommunane , men få pendlar inn og ut av Hallingdal. Med Jobbihallingdal.no er målet at det skal bli lettere for dei som ynskjer arbeid i Hallingdal å finne det, eller sjølv bli oppdaga av ein arbeidsgjevar på jakt etter akkurat din kompetanse. Jobbihallingdal.no er altså og for dei som ikke allereie bur eller arbeider her i dag, men -  som gjerne vil hvis det dukkar opp interessante tilbod om mogelegheiter.

Den tekniske løysinga er eit resultat av samarbeidet mellom IT-aktørar som har funne kvarandre via   IT-Hub Hallingdal, eit anna prosjekt som fylkeskommunen har støtta. IT-selskapa er Hemsedal-selskapet Hallingdata og Browse, lokalisert på Ål. IT-Hub Hallingdal kan du lesa meir om her.