Bakgrunnsbilde
Regionrådet for Hallingdal

Den formelle organiseringa av det interkommunale samarbeidet starta så tidleg som i 1952 gjennom etableringa av Samarbeidsnemnda for Hallingdal, som var ordførarane i dei 6 kommunane. Frå 1967-1984 hadde Hallingdal i tillegg Regionalplanråd. Hallingdal var den fyrste regionen i landet som fekk sin regionplan, som vart vedteken av Miljøverndepartementet i 1973.

Regionrådet for Hallingdal er eit samarbeids- og interesseorgan for dei deltakande kommunane. Det er dei 6 ordførarane som dannar Regionrådet for Hallingdal. Hallingtinget er det øvste organet i Regionrådet for Hallingdal. Det er 5 kommunestyremedlemmer frå kvar kommune, der den eine er ordføraren og dei 4 andre er medlemmer av formannskapet. I tillegg har rådmennene møte-, tale- og forslagsrett.

Regionrådet  arbeider for å utvikle regionen med særleg vekt på nokre prioriterte satsingsområde. Rådet varetek interessene til regionen overfor fylke, stat og andre organ på region-, fylke- og riksplan.